Paris og Roma i fotos

(download)
Eg, Rune, Ørjan og Geir Ove stakk ein tur til Paris, ein tysdag i juli. Og så hang vi der nokre dagar, før vi hooka opp med Jo og Asbjørn i Roma. Her har eg samla nokre fotografi frå turen, slik at vi kan sjå på dei omatt og omatt. Og så kan vi tenke at shit! Det der, det var ein fin tur! 

Foto frå vestkysten

Eg har vore på visitt i Amerika. Nærare bestemt Los Angeles og Las Vegas.

Vi (dvs. meg, Leif, Ørjan og Geir) feira nyttår saman med Asbjørn, Linn-Mari og entouraget deira. Og så tapte vi sjukt mykje pengar på speleautomat og roulette i Las Vegas. (Eg har teke bilete av ein verdikupong på 124 dollar. Du skal vete at eg spelte oppatt kvar ein smule.) 

Her er nokre fotografi frå ferieringa. Det var digg + awesome times. 

(download)

Fotos frå Dublin

Førre helg var eg, Ørjan, Mathias, Amund og Kathrine i Dublin. Eller Publin, som byen kallast når ein skal vere morosam. For der er lots of pubs, liksom. Hehe. Gøy. 

Her er nokre fotos. Det er eigentleg rart kor få bilete ein tar når ein stort sett berre bøttar nedpå Guinness og anna snacks, inne i brune lokale frå gamledagar. Og det kom eg til å tenkje på, kor mykje historier som ligg i veggane på ein pub frå 1800-talet. Tenk på alle som har hatt trivelege samtalar der over ei øl eller to. Folk har sikkert funne kjærleiken, og mista den der. Tenk kor mange som har spydd utover akkurat det bordet her. Slik tenkte eg. 

(download)

Laurdagslukke

Og plutseleg var nesten heile Førde i Oslobyen, med mykje å skåle for. Geir har fått seg jobb, Asbjørn og Linn-Mari er innom på veg til eit år i California, Jo får mykje kred og skryt for innsatsen i militæret, Ørjan får kanskje lønn på mandag og eg tykkjer det går finfint på jobb. Fotos:

Image

Ørjan i heftig diskusjon om dressering av hund.

0image

Jo er ueinig. Heilt ueinig.

1image

Asbjørn er berre glad.

2image

Linn-Mari bytta joggebuksa mot jeans. "kan ikkje drikka øl i joggis", pleier ho seie.

3image

Mmmm. Null joggebukse, berre øl.

4image

Oslo er nesten like fett som Horten, seier Geir. Herleg kveld!

Mobilfotos frå Øya!

Eg har vore på Øyafestivalen. Onsdagen var ein grei nedtur, med nesten ein og ein halv time i kø, regn og skuffande konsertar. Men det gjekk berre oppover derifrå! Her er nokre mobilfotos:

Img_1385
Det einaste fotografiet eg tok på onsdag. M.I.A. var ganske gøy, men absolutt ikkje alt eg håpte det skulle vere. 

Img_1390
Stian klar for dag to. Sol og greier! WOOOHA!

 

Img_1394
Stian og Marie klare for Broken Bells. Eller. Marie gler seg, Stian har ikkje heilt trua. Eg vart skuffa. 

Img_1398
Heldigvis underheldt Miike Snow litt lenger borte. Dei sørga for fyrste gåsehuda mi på årets festival. 

Img_1396
Vilde var òg på Miike Snow. 

 

Img_1402

Deretter stakk vi på Ølparadiset kor ein kunne fråtse i ulike typar digg øl. 

Img_1399
Her oppe hadde vi triveleg utsikt over festivalområdet, og alle som stod i kø for å kjøpa vanleg øl.

Img_1406
Katrine og Håkon jobba til langt på kveld, medan vi andre naut musikk frå Pavement eller Jonsi. Eg gjekk for Jonsi, som framleis står att som den beste konsertopplevelsen på festivalen for meg. 

Img_1411
Denne kvelden kom Torfinn nedover òg. Han kjøpte Øyapass kun for Motorpsycho, men tenkte han skulle få med seg litt meir òg. 

 

Img_1415
Ny dag, nye gåsehudopplevelsar. Marina and the Diamonds! Gud kor gøy det var. 

Img_1419
Fredag morgon hadde det regna og tordna så mykje at festivalområdet var gjennombløtt. Heldigvis var det sol på ettermiddagen. Og heldigvis laga Jonas ei lita øy til meg, midt i ein gigantisk vassdam under La Roux-konserten. 

Img_1422
Jonas elskar La Roux.

Img_1421
Katrine var tidleg ferdig på jobb, og kunne elske La Roux ho òg.

Img_1424
Publikum elskar La Roux!

Img_1425

Stian med fjernsynsserietskjorte! Laurdagen er allereie ein fest!

 

Img_1428
Aiai! Bra øl! Laurdagen tek av!

 

Img_1429
Karpe Diem leverar maks! Vi elskar det! 

Img_1434
Så kjem Motorpsycho på. Det klikkar for Torfinn. Han gret av glede. Eg får sansen, og etterkvart gåsehud. Det er pur lukke, sol, musikk og øl på Øya. Kan det bli betre?
Img_1438

JA! Eg går frå Motorpsycho, og tenkjer at no må The XX verkeleg levere, sidan eg gjekk frå ein knallkonsert for å sjå dei. Og The XX leverar så det syng! HALLOI!

Img_1440
Dei leverar så bra, The XX, at der plutseleg dukkar opp eit fabelaktig fyrverkeri! 

 

Img_1445
Så er festivalen ferdig for i år. Vi ser på Oslo Skyline, og vert einige om at festivalen har vore fabelaktig. Mari meiner Torfinn går med alt for kort shorts. Alle blir einige om at vi må ta eit par pils berre for å fordøye inntrykk. Vi vandrar saman mot sentrum. Nøgde, glade og i lykkerus etter fin festival som avslutta fin sommar. 

Hello Sauda!

Eg har vore på filminnspeling i dag. I Sauda. For å komme meg hit tok eg fyrst fly til Stavanger, før eg sette meg på båten med dette artige namnet:

Image

Denne vesle katten tok eg to timar opp gjennom fjordar, langs vakker natur.

(download)

Og etter to timar kom eg fram til denne lille byen, heilt innerst i fjorden.

2image

Kor eg fekk overnatte på sjølvaste sentrums hotellet.

3image

Og no reiser eg att. Hade, Sauda! Det var gøy!

Mobilfotos frå Malakoff!

For ei helg! Nordfjordeid i strålande sol og tusenvis i festivalhumør. Eg testa camping i telt for fyrste gong og tykte det gjekk heilt greitt, sjølv om det er vanskeleg å sove vidare når sola har stått opp. 
Her er nokre mobilfotos eg tok med telefonen min i løpet av helga. 
 

Image

 
Allereie på veg opp merka vi at folk var i festivalmodus. "Eg veit ikkje om eg torer ta dykk med over. De skal vel berre på fest uansett", sa ferjebillettøren. 

 

0image

 
Rune og litt Ørjan i nyoppsett camp. 

 

1image

 
Asbjørn tykte Malakoffcampen var så digg at han til og med tok på dei feitaste og mest eksklusive solbrillene sine. "Eg brukar dei berre i ekstremt festlege lag," strålte han. 

 

2image

 
Johnossi kickstarta likegodt heile festivalhelga med å servere eitt høgdepunkt av ein konsert. 

 

3image

 
Laurdag morgon med kokheitt telt, øydelagde toalettfasilitetar, (Papirhaldarar og doringar rauk allereie to timar inn i festivalen.) og ein eim av svette på festivalcampen. 

 

4image

 
Ny dag, nye moglegheiter, meir moro. 

 

5image

 
Ørjan i årets festivalmote. 

 

6image

 
ÅsenÅsen i fjorårets festivalmote.

7image

Geir og Asbjørn. 
8image
Asbjørn, Geir og Leif. 
 
Img_1218
Linn-Mari. Legg merke til det gigantiske teltet i bakgrunnen. Tore ville ha størst telt på campingen, men vart slått av 6 17 år gamle jenter rett bortanfor. 
 
Img_1220
Morten forstua foten 5 minutt uti fyrste konserten, men var lukkeleg fordi. 
 
Img_1243
Tore etter endt festival. 
 
Good times!Â